I spalta «På innsiden» 10. november etterlyser politisk redaktør Sofie Mathiassen solidaritet - og viser raskt at ho er på bortebane.
Ho hevdar at eg vil ha «lønnsfest» for offentleg tilsette, og ser dette som det store trugsmålet mot norsk næringsliv. Begge delar er feil. Det er grunn til uro for situasjonen i konkurranseutsett sektor. Det er ei av årsakene til at Unio er open for å drøfte eit breitt inntektspolitisk samarbeid. Lønnsveksten i 2010 blir lågare enn dei siste åra, men ein part kan ikkje dermed levere fasiten for resten av arbeidslivet. Unio stiller seg bak det utvida frontfaget, der både sentral og lokal lønnsvekst i industrien er normgjevande for resten av arbeidslivet. Slik kan ein finne ulike løysingar i dei ulike delane av arbeidslivet.
Ikkje ein gong Mathiassen får seg til å hevde at det er lønns-nivået for lærarar eller sjuke- pleiarar som trugar konkurranseevna. Men ho er jammen ikkje langt unna når ho påstår at «flere og bedre lærere er en høyst kortsiktig løsning». For dei som vil sikre næringsliv og arbeidsplassar rundt om i landet, er dette slett ikkje kortsiktig.
Det er stort behov for å rekruttere kompetent arbeidskraft, ikkje minst til helse- og utdanningssektoren. Det er ikkje noko Unio har funne på. Dessutan er dette yrke som er kvinnedominerte, og har relativt låg lønn. Mathiassen peikar på at det er riktig «å øke lønningane, bedre arbeidsforholdene» når det er rekrutteringsproblem. Difor undrar det meg at ho ikkje ser samanhengen mellom rekruttering og eit likelønnsløft. Ikkje nok med det - ho påstår faktisk at likelønn er usolidarisk. Slå den!
Anders Folkestad, leder i Unio.