Det er kontrastfullt når ein på kort tid flyttar seg frå heimleg lønnskamp til ITUCs verdskongress i Vancouver. Her er hovudoverskrifta ”Folk først – frå krise til global rettferd”.
Finanskrisa pregar debattane om strategiar og tiltak. Klimakrisa og grøne jobbar - står også høgt på dagsordenen. Det same gjer kampen for menneskerettar og kampen for anstendig arbeid. Til tider høyrer vi innlegg og synspunkt som er fjerne frå den norske kvardagen.
Likevel kjenner Unios delegatar seg godt igjen i det meste. Rett og slett fordi det handlar om situasjonen for fagorganiserte. Det handlar om politiske vegval for arbeidslivspolitikken og for samfunnsutviklinga globalt og nasjonalt. Dette illustrerer at ein må stå i striden i lys av situasjonen der medlemmene finst. I stor grad handlar nemleg fagforeiningsarbeidet om rettferdig fordeling av makt og ressursar. Difor vil både strategiar og tiltak variere frå land til land.
Fagorganiserte skal og må kjempe for at arbeidsfolk får sin rimelege del av verdiane som er skapte gjennom deira arbeid. Det er i dette perspektivet vi skal sjå også den heimlege lønnskampen. Verdiar blir til fulle skapte kvar einaste dag av Unios medlemmer. Difor er det ingen grunn til å legge rettferdig lønnskamp til sides. Vi ser stadig vekk at både politikarar og arbeidsgjevarar prøver å bruke finanskrisa til å svekke organisasjonane og arbeidet vi driv.
Vi møter motstand både nasjonalt og internasjonalt. Det er ikkje naturleg. I Noreg har vi likevel tradisjonar for å kombinere kamp, når det trengst, med dialog og samarbeid. For mange fagforeiningskollegaer er situasjonen dramatisk annleis. I somme land er fagforeiningsarbeid direkte livsfarleg. I 2009 blei over 100 tillitsvalde drepne – først og fremst fordi dei gjorde ein jobb på vegne av medlemmene. Det seier seg difor sjølv at fagforeiningspolitikk og prioriteringar vil variere kraftig mellom dei meir enn 300 medlemsorganisasjonane i ITUC.
Her er likevel tydelege fellestrekk både når det gjeld utfordringar, verdiar og strategiar. Det er nettopp desse som står sentralt her på verdskongressen. Kva er vegen ut av finanskrisa og kva skal til for å møte klimakrisa? Dei fleste talarane på kongressen – og dei er mange – framhevar solidaritet som ein kjerneverdi for fagorganiserte. Oppgåva og utfordringa er å leve opp til dette idealet i kvardagsarbeidet – lokalt, nasjonalt og globalt.
Meir om verdskongressen på www.unio.no og på uniovancouver.blogspot.com