Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
På sporet av likelønn?

I Dagens Næringsliv 9. oktober kallar LO-nestleiar Gerd Kristiansen regjeringa sine likelønnsformuleringar "en gavepakke til arbeidstakerne". Eg håper verkeleg at ho har rett. Unio har sterke ambisjonar for likelønn, og hadde trudd på ein "hardare" pakke, der regjeringa i større grad synleggjorde eigne ambisjonar. Gerd Kristiansen er antakeleg inne på noko av det same som meg i ein kommentar til DN: ”Vi ser gjerne at regjeringen stiller opp med penger, men det er partene som skal gjøre prioriteringene.”

Likelønnsutfordringane er komplekse, og strekkjer seg ut over interne lønnsskilnader i dei offentlege tariffområda. Difor er det ikkje overraskande at det i kjølvatnet av regjeringserklæringa blei ein debatt om prioritering

For eigen del har eg, som referert i DN, avvist å starte jobben med å slå fast kven som skal få null. Dette har fått somme til å tru - eller håpe på - at Unio verken vil prioritere eller forhandle om likeløn. Det er feil. Og eg registrerer at knapt nokon, heller ikkje Kristiansen, her og no vil peike ut kven som skal få eller ikkje få.

Regjeringa vil ”forbedre, fornye og forsterke” velferdssamfunnet. Eit likelønsløft i offentleg sektor er viktig i så måte, særleg med tanke på den kompetanse som trengs i framtida. Det håper eg også arbeidsgjevarane innser. I så fall kan regjeringsplattforma vere starten på eit trepartssamarbeid som endar opp med ei skikkeleg investering i likelønn.



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no