Kampen for kunnskap har vore kjernen i årets tariffoppgjer. Vi har kjempa med mange og ulike våpen: dokumentasjon, argumentasjon og kommunikasjon - og streik. Eit viktig utgangspunkt har vore at det lønner seg dårleg for den enkelte å ta lang utdanning i Noreg, særleg når ein utdannar seg for arbeid i offentleg sektor. Dette går ikkje dersom offentleg sektor skal levere topp kvalitet og hevde seg i kampen om kompetansen.
I somme tariffoppgjer nådde vi fram gjennom forhandlingar og mekling, og fekk resultat vi kunne gå for.
Men i kommunal sektor strekte ikkje argumentasjon og forhandlingar til. Her var det nødvendig med klassisk tariffkamp – streik. Arbeidsgjevarane trudde tydelegvis at dei kunne svikte store utdanningsgrupper ved å legge ut freistande agn til nokre få. Men Unio beit ikkje på. Arbeidsgjevarane undervurderte både solidariteten og strategien.
Heile Uniolaget har no med seg fersk streikeerfaring i bagasjen til komande tariffoppgjer. Også då står pengar og pensjon høgt på dagsordenen.
Ei stor takk til medlemmer og tillitsvalde for innsatsen, og god sommar.
Skrevet 30.6.2008