Vi er midt i valkampinnspurten. Dei fleste av oss er rett nok først og fremst tilskodarar. Det er politikarane – og aller mest partitoppane – som viser kreftene sine i innspurten. Det er dei som står på i eit drivande tempo - og dei imponerer.
Sjølvsagt er det eit spel om makt og posisjonar. I ein viss forstand handlar det om ”the survival of the fittest ”. Om å tape og å vinne. Og for partitoppane og partimannskapet er valkampen nærast som treningsperioden før fotballsesongen startar. Då kan alle håpe at det skal gå bra. Drøyme om å vinne, og tanken på nedrykk er fjern. Men når nokon skal vinne, må nokon også tape – rykke ned. Slik er det på sett og vis i politikken også.
Det handlar om noko meir enn kampen om dagsordenen og medieoppslaga. Heldigvis er demokratiet avhengig av meiningsbryting, men også av evne til å skape samlande løysingar. Politikarane er ikkje berre ute etter makt. Dei viser engasjement. Dei tar både ansvar og medansvar.
Av og til lovar dei meir enn dei kan halde. Somme politikarar og somme parti er meir dristige enn andre i så måte.
- Ein kan ikkje både love og halde, sa ein stortingsrepresentant som blei mint om eit utsagn i valkampen.
Veljarane er mindre lojale enn tidlegare. Innsatsen må forsterkast for å vinne fram. Media vil gjerne styre, og klarer det ofte. Topp-politikarane har ein hærskare av profesjonelle rådgjevarar rundt seg. Likevel må dei nok først og fremst stole på seg sjølve når debatten går, enten det er på folkemøte, torgduellar eller i radio og fjernsyn. Kven klarer å kommunisere og å overtyde? Det verkar som mykje står og fell på enkeltpersonars innsats i nokre avgjerande øyeblikk.
Men då undervurderer ein kanskje den jamne innsatsen frå dei mange usynlege demokratisoldatane. Dei som står på stands, ved valboder ogsom diskuterer med folk utanfor butikken med partiprogrammet i handa. Dei gjer viktig, men lite påakta arbeid for oss alle.
Bruk røysteretten – det er det minste vi kan gjere.