Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Innspurt i meklinga

Torsdag kan 10 000 Unio-medlemmer vere i streik om ikkje meklinga fører fram. Dette gjeld fire av tariffområda våre: KS, Spekter, staten og Oslo kommune. Dette er spennande for mange.

”Eg kan ikkje huske at det nokon gong har vore så stor avstand mellom partane på veg inn i ei mekling", kommenterte eg då vi braut forhandlingane for omtrent ein månad sidan. Det neste døgnet vil vise om avstanden har minka nok til at meklingane fører fram. Vi håper det. Samstundes er medlemmene og forhandlingsleiinga i Unio budde på å streike om vi ikkje får gjennomslag for dei sentrale krava våre.

Likelønn har stått høgst på dagsordenen i valkampen, i den offentleg debatten etter Soria-Moria erklæringa og gjennom forhandlingane. Difor står sjølvsagt dette høgt på dagsordenen i meklinga. I kommunal sektor er det også nødvendig å stanse mindrelønnsutviklinga for skulesektoren. Frontfaga i privat sektor har gitt ein peikepinn, men ikkje levert fasiten. Vi må ha ei løysing der det blir vist vilje til å starte eit løft for likelønn og for eit betre lønnsnivå for utdanningsgruppene i staten, kommunane og i sjukehusa. Det handlar om lønna vår. Men det handlar også om vilkåra for kunnskap og kompetanse, for helse og tryggleik. 



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no