Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Spenning og spekulasjon

No er det vel ei veke sidan spenninga blei utløyst. Det blei raudgrøn valsiger. Gratulerer, særleg til Jens, som har gjort ein sterk valkamp og fått eit godt resultat.

Så blei det ny spenning. I alle fall for somme. Mest for representantar som blei kasta ut og inn av stortinget både ein og to gonger. Sikkert litt ubehageleg spennande for dei som trykte på feil tastar, enten det var i kommunaldepartementet eller i SSB. Men no er det visst i orden. Dei som har fått tingplass, flyttar snart inn. Somme skal ut.

Og inn i mellom alt har Lars Sponheim sagt takk for seg, og i kjent stil slått på stortromma og fått sine overskrifter. Problemet er at denne gongen blei det fleire overskrifter enn stemmer.

Men no er det først og fremst stolleiken som er i gang. Spenning og spekulasjon i mange miljø. Kven endar på kva for taburett? Og kven får ikkje plass rundt kongens bord?  Eitt er sikkert: det er færre plassar enn interesserte.

Noko anna er også ganske sikkert. Og det er at enno er det ingen som veit heilt sikkert. Bortsett frå at jens blir statsminister, og at det er han som veit mest.

Vi må ta dei statsrådar vi får. Og som regel går det jo bra. Ein statsråd er forresten som regel både den beste og den verste vi har – her og no.

Og så må vi vel rekne med at korpset av rådgjevarar og stassekretærar blir rekordstort. Det er jo nærast blitt ei vekstnæring. Dei skal hjelpe statsrådane til å gjere ein god jobb. Det skal forresten Unio også – på vår måte.



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no