I eit innlegg i Dagbladet i dag krev Anders Folkestad at bank- og finansnæringa må vise magemål på eigne bonusutbetalingar - særleg sidan det er felleskapet sine pengar som er stilt til rådvelde i dei store redningspakkane til næringa etter finanskrisa.
Finanskrise: «Redd folk, ikkje bankane,» var slagordet til demonstrantane rundt G20-forhandlingane i Pittsburgh, USA førre veke. Demonstrantane vil ha slutt på gigantbetalingar utan vilkår til finansinstitusjonane. Dei vil ikkje godta at rekninga blir sendt til vanlege folk over skattesetelen eller i form av kutt i velferdsordningane. Det er gode grunnar til å protestere mot dette også her til lands.
I fjor tok dei ni største amerikanske bankane ut bonusar for sine tilsette på 32,6 milliardar dollar. Ifølgje OECD og Verdsbanken kunne denne ufattelege summen ha sletta all gjelda til 40 av dei fattigaste afrikanske landa, dobla den amerikanske u-hjelpa, eller finansiert skulegang i 68 u-land i tre år. Og bonusane i desse bankane var utruleg nok større enn inntektene bankane hadde i 2008.
DnB NOR-toppane har dei to siste åra tatt ut 24 millionar bonuskroner, midt i finanskrisa og statlege redningspakkar. Dei forsvarar seg med at dette er ein nedgang på 30 prosent, men finansnæringa har tydelegvis betre råd enn dei fleste andre næringar. I 2008 var årslønnsveksten 9,2 prosent og i dei siste fem åra har lønnsveksten vore ti prosentpoeng høgare enn i industrien. Då er ikkje kjempebonusane til eigarar medrekna. Bonussystemet har i realiteten blitt ei normalordning eller snarare ein ukultur i næringa.
Men det måtte like fullt store statlege redningspakkar til for å berge ei bank- og finansnæring i krise. Så viser det seg no i ettertid at bankane midt i miseren leverer rekordresultat.
Det er prisverdig at enkelte i næringa tar grep, som til dømes Fokus Bank, som har bestemt seg for å kutte bonusane til dei tilsette. Men skal vi stole på at bransjen i stort og smått klarer å regulere seg sjølv?
Å forby bonusordningar i alle former, er neppe aktuelt. Men det må vere mogeleg for styresmaktene å stille krav om at finanssektoren viser magemål, særleg når det er fellesskapet sine pengar som blir stilt til rådvelde. Dersom ikkje næringa raskt viser evne til sjølvdisiplin, må det sterkare lut til. For eksempel i form av reguleringar som set eit tak på bonusutbetalingane.
Innlegget stod på trykk i Dagbladet torsdag 1. oktober 2009
Skrevet 1.10.2009