Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"Eit vedtak frå likestillingsnemnda har skapt rabalder. Når NHO og andre er så aggressive på dette, kjem det nok av at heile saka utfordrar ein årelang kultur og praksis der kvinnedominerte yrke blir lågare verdsett enn mannsdominerte. "
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Frontfags-nostalgi

Av Anders Folkestad, Unio-leiar

Gammel myte
I eit innlegg om frontfaget og lønn i Aftenposten 20.november prøver adm. dir. Stein Lier-Hansen febrilsk å klamre seg til den eldgamle myten om at det er industrien som skaper og offentleg sektor som forbruker verdiar. I belærande ordelag irriterer han seg over at representantar for Unio ikkje har forstått denne «realiteten».

Moderne
Ingen i Unio har sagt industri er uviktig eller gamaldags. Tvert imot - vi meiner at industri er viktig, og at offentleg og privat sektor må spele på lag. Heldigvis har vi ein industri og eit næringsliv som er meir moderne enn dei haldningane Lier-Hansen ber til torgs. Det er nettopp slike haldningar som har hindra likelønn mellom kvinner og menn her til lands. Dei fleste erkjenner dessutan at næringslivet er avhengig av kunnskap, kompetanse og helsetenester – oftast levert av det offentlege.

Ein hovudtrend i norsk arbeidsliv er at det relativt sett har blitt færre tilsette i industrien. Handlingsregelen for innfasing av oljepengar forsterkar denne utviklinga. Veksten i industrisysselsettinga dei siste åra er først og fremst eit resultat av ei tid med ekstraordinær høg internasjonal etterspørsel, svært låge renter og stor tilgang på billeg arbeidskraft frå aust.

Rydd i eige hus
Lier-Hansens tolking av frontfagsmodellen er feil, og er verken i tråd med Holden-utvalet sine vurderingar eller avklaringar gjort gjennom det inntektspolitiske samarbeidet. Skal frontfaget ha meining, må heile konkurranseutsett sektor, funksjonærlønna inkludert, leggast til grunn. Difor avviser Unio eit moderasjonsomgrep einsidig knytt til industriarbeidarlønna. I staden for å hakke på offentleg sektor bør industritoppen Lier-Hansen vere meir oppteken av å rydde i eige hus, der funksjonærar og leiarar over tid har hatt ei heilt anna lønnsutvikling enn andre arbeidstakarar. Praktiseringa av frontfagsmodellen frå 90-talet skal ikkje gjenopplivast. Industri er viktig, men ikkje meir høgverdig enn andre næringar - heller ikkje i ein global økonomi i krise.

(Artikkelen stod på trykk i Aftenposten den 2. desember 2008.) 



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no