Den nye ia-avtalen har blitt omtalt både som mageplask og "keiserens nye klær". Somme meiner tydelegvis at det er den gamle avtalen i ny innpakking. Dermed signaliserer skeptikarane at dei har lita tru på nedgang i sjukefråveret. Det er kanskje ikkje så underleg når ein veit at mange av desse skeptikarane eigentleg meiner at d4et er sjukelønnsordninga som er problemet. Ordninga er for god. Dei vil ha innstrammingar, og helst bruke pisken.
Partane som har forhandla fram avtalen, og signert både avtale og ein tilleggsprotokoll, er fornøgde. Det er berre naturleg. Samstundes må det minnast om at debatten har spora av meir enn ein gong. Var det til dømes nødvendig å løfte fram svenskemodellen, slik mellom andre statsministeren gjorde?
Likevel - dette er den beste ia-avtalen vi har hatt. Den er sikkert ikkje perfekt i den forstand at vi kan garantere at måla blir nådde. Men heller ikkje Marit Bjørgen kunne garantere OL-medaljar, men ho var godt trena, optimistisk og klar til innsats.
Avtalen er konkret og tydeleg på viktige punkt. Arbeidsplassen blir tydeleggjort som arena for førebygging, tilrettelegging og oppfølging.. Dessutan blir det fokusert på sektor- og bransjevis innsats, med krav til eigne aktivitetsmål. I dette ligg klare oppgåver og forventningar, ikkje minst til kommunar og sjukehus. Dette er sektorar med særleg høgt sjukefråvere. Dette er i tillegg kvinnedominerte område der likelønnsgapet er endå større enn sjukefråversprosenten.
Det er tid for betre arbeidshelse: meir heiltid, mindre deltid, fleire folk og mindre arbeidspress.
Ein kommunal leiar fortalde om bemanninga på ein sjukeheim. Den er den same no som for 15 år sidan. Den gongen kunne mange av pasientane i stor grad klare kvardagen sjølve. No er dei fleste pleiepasientar og må ha hjelp til det meste. Er det rart sjuefråveret blir høgst, spurde han. - Også seigdamer kan strekkast for langt...