Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
IA-avtalen må vidareførast
- IA-arbeidet gir resultat – sjølv om ikkje alle måla er nådd. Men i helsesektoren er det så stor ressursmangel at IA-avtalen åleine ikkje klarer å løyse problemet med sjukefråver, seier Unio-leiar Anders Folkestad.

SINTEF har evaluert IA-avtalen og levert ein rapport på vel 340 sider. IA-avtalen skal reforhandlast i haust.

Naiv tru på raske resultat
Rapporten gjer eit poeng av at haldningsarbeid tek tid og at myndigheitene har hatt ei naiv tru på rask endring og effekt av IA-avtalen. Evalueringen omtaler IA-arbeid som eit langsiktig arbeid for kultur- og strukturendringer som tar tid.

Milliardgevinst på å stå lenger i arbeid
Eitt av måla i IA-avtalen var å få eldre til å stå lengre i arbeid. Dette målet er nådd. Den forventa avgangsalderen for ein 50-åring har auka med seks månader sidan 2001, og ifølge konsulentselskapet Econ har dette gitt ein samfunnsøkonomisk gevinst på 9-11 milliarder kroner. SINTEF meiner det er vanskeleg å seie om IA-avtalen har hatt betydning for dette, men konkluderer likevel med at minst ein milliard i året kan settast på inntektssida i eit ”IA-rekneskap.” 

Framleis høgt sjukefråvere
Ifølge avtalen skulle sjukefråveret ned med 20 prosent, men SINTEF-rapporten viser at fråveret berre var 3,1 prosent lågare i andre kvartal i fjor samanlikna med andre kvartal i 2001.
- Sjukefråveret ligg framleis høgt i offentleg sektor, med 9,6 prosents sjukefråvere i helse og sosial. Her er mangelen på samsvar mellom ressursar og oppgåver så stor at IA-avtalen åleine ikkje kan løyse det, sier Anders Folkestad og viser til ei ny undersøking frå Arbeidstilsynet som viser at to av tre helseforetak i landet bryt arbeidsmiljølova og at mange helsearbeidarar eigentleg burde vore sjukmelde.
Sjå eiga sak: Helsearbeidere blir syke av tidspresset

Differensierte verkemiddel
Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv vart underteikna i 2001 av regjeringa og partane i arbeidslivet, og den skal reforhandlast seinare i år.
- IA-avtalen må vidareførast, og Unio legg til grunn at sjukelønnsordninga vert vidareført, sier Folkestad.
- Det kan hende vi må vurdere om vi må ha meir differensierte verkemiddel. Og at vi i særleg grad må sjå på tiltak overfor dei store arbeidstakargruppende i offenleg sektor – ikkje minst innanfor helse og sosial der sjukefråveret er særlig høgt

Utfordringar i avtalen
- I det vidare løpet må vi drøfte forholdet mellom aktivitetsnivået og kvantifiserte mål. Der ligg nokre utfordringar i IA-avtalen i og med at måla kan vere i konflikt med kvarandre. Dersom vi skal få inn fleire som står utanfor yrkeslivet av fysiske eller psykiske årsaker, så vil vi også få høgare sjukefråvere. 

Vil ha meir førebygging
I rapporten er det også ei sterk tilråding om å satse sterkare på førebygging, og at dette er ein meir lønnsamt strategi enn å legge ut tiltak for å få folk tilbake i arbeid.

 

 

Skrevet 26.6.2009

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no