- Unio har klare forventningar til regjeringa når det gjeld likelønn og likestilling, seier Unio-leiaren. Han meiner regjeringa no må ta det ansvaret likelønnskommisjonen plasserte hos styresmaktene.
- Det er all grunn til å tru at det ikkje minst er kvinner i offentleg sektor som har gitt regjeringa nytt mandat, og det er liten tvil om at likelønnsforventningane er store, seier Anders Folkestad.
Friske pengar
- Regjeringa må ta det ansvaret likelønnskommisjonen plasserte hos styresmaktene. Det trengst friske likelønnspengar for å bøte på dei urimelge lønnsskilnadene mellom kvinner og menn. Mangelen på likelønn er eit samfunnsproblem som gjeld det meste av arbeidslivet, slår Unio-leiaren fast.
Kvinner i det offentlege
- Det er likevel dei kvinnedominerte utdanningsgruppene i offentleg sektor som er hardast ramma. Dei tener i snitt under 80 prosent av lønna til menn med tilsvarande utdanning, og difor må reparasjonstiltaka starte her, er den klare meldinga fra Unio-leiaren til den nye regjeringa.
Skrevet 16.9.2009